Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 81

:
Norwegian - NO1938N
1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Asaf. /
2 Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
3 Set i med song og lat pauka høyrast, den vene citar med harpa!
4 Blås i lur i månaden, ved fullmåne, vår høgtidsdag!
5 For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.
6 Han sette det til eit vitnemål i Josef han drog ut gjenom Egyptarlandet. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg: /
7 Eg løyste hans oksel frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.
8 I trengsla ropa du, og eg fria deg ut; eg svara deg, løynd i toreskyi, eg prøvde deg ved Meribavatni. Sela.
9 Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra meg:
10 Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.
11 Eg er Herren din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland; lat munnen vidt upp, so eg kann fylla han!
12 Men folket mitt høyrde ikkje mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.
13 So let eg dei fara med sitt harde hjarta, so dei skulde ferdast i sine eigne meinråder.
14 Gjev mitt folk vilde høyra meg, gjev Israel vilde ganga mine vegar!
15 Snart skulde eg døyva deira fiendar og venda mi hand imot deira motstandarar.
16 Dei som hatar Herren, skulde smeikja for dei, og deira tid skulde vara æveleg.
17 Og han skulde føda dei med den beste kveite, og eg skulde metta deg med honning frå berget.