Psalms 77NO1938N

1Til songmeisteren, for Jedutun; av Asaf; ein salme. /

2Eg ropar til Gud, og eg vil skrika; eg ropar til Gud, og han vil venda øyra til meg.

3Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren; um natti retter eg ut handi, og ho vert ikkje trøytt, mi sjel vil ikkje lata seg trøysta.

4Eg vil koma Gud i hug og sukka; eg vil tenkja etter, og mi ånd ormektast. Sela.

5Du held augo mine opne i nattevaktene; eg er uroleg og talar ikkje.

6Eg tenkjer på fordoms dagar, på lengst framfarne år.

7Eg vil koma i hug min strengleik um natti, i mitt hjarta vil eg grunda, og mi ånd ransakar.

8Vil då Herren æveleg støyta burt, og vil han ikkje lenger visa nåde?

9Er det for all tid ute med hans miskunn? Hev hans lovnad vorte upp i inkje frå ætt til ætt?

10Hev Gud gløymt å vera nådig? Hev han i vreide stengt for sin godhug? Sela.

11Eg segjer: Dette er mi plaga, det er år frå høgre handi åt den Høgste.

12Eg vil forkynna Herrens gjerningar; for eg vil minnast dine under frå fordoms tid.

13Og eg vil tenkja etter alt ditt verk, og på dine store gjerningar vil eg grunda.

14Gud! I heilagdom er din veg; kven er ein gud, stor som Gud?

15Du er den Gud som gjer under; du hev kunngjort din styrke millom folkeslagi.

16Du hev løyst ditt folk ut med velde, borni åt Jakob og Josef. Sela

17Vatni såg deg, Gud, vatni såg deg og bivra, ja djupi skalv.

18Skyene gav vatn, himmelen dunde, ja dine piler flaug ikring.

19Di tora dunde i kvervelstormen, eldingar lyste upp jordriket, jordi skalv og riste.

20Gjenom havet gjekk din veg, og dine stigar gjenom store vatn, og dine fotfar vart ikkje kjende.

21Du førde ditt folk som ei hjord ved handi åt Moses og Aron.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 77.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.