1Ein salme til lærdom av Asaf. / Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar!
2Eg vil opna min munn med fyndord, eg vil lata gåtor frå gamal tid strøyma ut.
3Det me hev høyrt og veit, og det våre feder hev fortalt oss,
4det vil me ikkje dylja for deira born, men fortelja Herrens pris for den komande ætti, og hans styrke og dei under som han hev gjort.
5Han hev reist eit vitnemål i Jakob og sett ei lov i Israel, som han vilde at våre feder skulde kunngjera for sine born,
6so den komande ætti, dei born som skulde verta fødde, kunde kjenna dei, kunde koma fram og fortelja um dei til sine born
7og setja si von til Gud og ikkje gløyma Guds verk, men halda hans bod
8og ikkje vera som deira feder, ei tverr og trassig ætt, ei ætt som ikkje gjorde sitt hjarta fast, og som i si ånd ikkje var trufast mot Gud.
9Efra'ims born, dei væpna bogeskyttarar, dei snudde på stridsdagen.
10Dei heldt ikkje Guds pakt og vilde ikkje ferdast i hans lov,
11og dei gløymde hans storverk og dei under som han hadde synt dei.
12For deira feder hadde han gjort under i Egyptarlandet, på Soans mark /
13Han kløyvde havet og let dei ganga igjenom og let vatnet standa som ein dunge.
14Og han leidde dei med skyi um dagen og heile natti med elds ljos.
15Han kløyvde berg i øydemarki og let dei drikka som av store vassdjup.
16Og han let bekker koma or fjellet og fekk vatn til å renna ned som elvar.
17Men dei heldt endå på og synda imot han og var trassige mot den Høgste i øydemarki.
18Og dei freista Gud i sitt hjarta, so dei kravde mat etter si lyst.
19Og dei tala imot Gud, dei sa: Kann vel Gud duka bord i øydemarki?
20Sjå, han slo i berget, so vatn rann ut, og bekker fløymde. Tru han og kann gjeva brød eller koma med kjøt til sitt folk?
21Difor, då Herren høyrde det, vart han harm, og eld loga mot Jakob, og vreide reiste seg mot Israel;
22for dei trudde ikkje på Gud og leit ikkje på hans frelsa.
23Og han gav skyene ovantil påbod, og himmelportane let han upp.
24Og han let manna regna yver dei til føda, og himmelkorn gav han dei.
25Englebrød fekk kvar mann eta; mat sende han dei til mette. /
26Han let austanvinden fara ut i himmelen, og han førde sunnanvinden fram ved si makt.
27Og han let kjøt regna yver dei som dust og fljugande fuglar som havsens sand,
28og let dei falla ned midt i lægret deira, kringum deira bustader.
29Og dei åt og vart ovleg mette, og det dei fyste etter, let han dei få.
30Men fyrr dei hadde slept det dei fyste etter, medan dei endå hadde maten i munnen,
31steig Guds vreide upp imot dei, og han drap mange av deira sterke menner, og Israels ungdomar slo han ned.
32Med alt dette synda dei endå og trudde ikkje på hans under.
33Difor let han deira dagar kverva i fåfengd og deira år i redsla.
34Når han drap dei ned, då spurde dei etter han og vende um og søkte Gud
35og kom i hug at Gud var deira berg og den høgste Gud var deira utløysar.
36Men dei gjølte for han med sin munn og laug for han med si tunga.
37Og deira hjarta hekk ikkje fast ved han, og dei var ikkje true mot hans pakt.
38Men, han er miskunnsam, han forlet misgjerning og tyner ikkje; mange gonger let han sin vreide venda um, og han let ikkje all sin harme brjota fram.
39Og han kom i hug at dei var kjøt, ein andepust som kverv og ikkje kjem att.
40Kor ofte dei trassa han i øydemarki og gjorde han sorg i audni!
41Og dei freista Gud på nytt lag og krenkte Israels Heilage.
42Dei kom ikkje i hug det hans hand hadde gjort den dagen då han fria dei frå fienden,
43då han gjorde sine teikn i Egyptarland og sine under på Soans mark.
44Og han gjorde deira elvar til blod, og sine rennande vatn kunde dei ikkje drikka.
45Han sende imot dei flugesvermar som åt dei upp, og froskar som tynte dei.
46Og han gav deira grøda til gnagaren og deira avling til grashoppen. /
47Han slo deira vintre ned med hagl og deira morbærtre med haglsteinar.
48Og han gav deira fe til haglet og deira hjorder til eldingar.
49Han sende på dei sin brennande vreide, harme og ilska og trengsla, ei sending av uferds-englar.
50Han braut veg for sin vreide, han sparde ikkje deira sjel for dauden, og deira liv gav han til sotti.
51Og han slo alle fyrstefødde i Egyptarland, fyrstegrøda av manndomskrafti i Kams tjeld.
52Og han let sitt folk taka ut som ein saueflokk og førde dei som ein hjord i øydemarki.
53Og han leidde dei trykt, og dei reddast ikkje, men havet løynde deira fiendar.
54Og han førde dei til sitt heilage landmerke, til det fjell som hans høgre hand hadde vunne.
55Og han dreiv ut heidningane for dei og let dei få landet deira til arvlut og let Israels ætter bu i deira tjeld.
56Men dei freista Gud, den Høgste, og trassa han, og hans vitnemål akta dei ikkje på.
57Dei veik av og var utrugne som deira feder, dei vende um som ein sviksam boge.
58Og dei harma han med sine offerhaugar og eggja han med sine utskorne bilete.
59Gud høyrde det og vart vreid, og han vart ovleg leid av Israel.
60Og han gjekk burt frå sin bustad i Silo, det tjeld han hadde slege upp millom menneski.
61Og han let sin styrke verta førd burt som fange og gav sin herlegdom i fiendehand.
62Og han gav sitt folk til sverdet, og på sin arv harmast han.
63Eld åt deira unge menner, og deira møyar fekk ingen bruresong.
64Deira prestar fall for sverdet, og deira enkjor fekk ikkje halda syrgjehøgtid /
65Då vakna Herren som ein sovande, lik ei kjempa som er fegen av vin.
66Og han slo sine fiendar attende, let æveleg skam koma yver dei.
67Og han støytte burt Josefs tjeld, og Efra'ims ætt valde han ikkje ut.
68Men han valde ut Juda-ætti, Sionfjellet som han elska.
69Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, lik jordi, som han hev grunnfest til æveleg tid.
70Og han valde ut David, sin tenar, og tok han frå sauegrindane.
71Han henta han frå lambsauene som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv.
72Og han gjætte dei etter sitt ærlege hjarta, og med si kloke hand leidde han dei.