Psalms 76NO1938N

1Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av Asaf; ein song.

2Gud er kjend i Juda, hans namn er stort i Israel.

3Han bygde si hytta i Salem og sin bustad på Sion.

4Der braut han sund ljoni frå bogen, skjold og sverd og ufred. Sela.

5Strålande er du, herleg framfor røvarfjelli. /

6Dei hjarte-sterke menner hev vorte plundra; dei søv sin svevn, og ingen av kjempone fann sine hender.

7Ved ditt trugsmål, Jakobs Gud, vart både vogn og hest djupt svævde.

8Du - skræmeleg er du, og kven kann standa for di åsyn når du vert vreid?

9Frå himmelen let du høyrast dom; jordi reddast og vart still,

10då Gud stod upp til dom, til å frelsa alle spaklyndte på jordi. Sela.

11For manne-harm lyt prisa deg; med endå større harm gyrder du deg.

12Gjer lovnader og gjev Herren dykkar Gud det de hev lova! Alle som er ikring han, skal koma med gåvor til den Skræmelege.

13Han staggar stormodet hjå hovdingar, han er skræmeleg for kongane på jordi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 76.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.