1Til songmeisteren; «Tyn ikkje»
2Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn; dei fortel um dine under.
3For [so segjer Herren]: Eg vil gripa den fastsette tid, eg, eg vil døma med rettferd.
4Jordi er i uppløysing, og alle som bur der, eg hev sett hennar stolpar etter mål. Sela.
5Eg segjer til dei ovmodige: Ver ikkje ovmodige, og til dei ugudlege: Reis ikkje horn!
6Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!
7For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki - /
8nei, Gud er den som dømer; den eine nedrar han, hin upphøgjer han.
9For eit staup er i Herrens hand med skumande vin; det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det; ja bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.
10Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud.
11Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.