Psalms 74NO1938N

1Ein song til lærdom av Asaf. / Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter?

2Kom i hug din lyd, som du vann deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell, der du bur.

3Lyft dine steg til dei ævelege grushaugar! Alt hev fienden fare ille med i heilagdomen.

4Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus; dei hev sett sine eigne merke upp til merke.

5Det såg ut som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.

6Og no, alt som fanst av utskurd, det slo dei sund med øks og hamar.

7Dei hev sett eld på heilagdomen din; reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn.

8Dei hev sagt i sitt hjarta: Me vil tyna dei alle i hop! Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet.

9Våre eigne teikn ser me ikkje; det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge det skal vara.

10Gud, kor lenge skal motstandarane spotta, fienden vanvyrda ditt namn æveleg?

11Kvifor dreg du di hand, di høgre hand attende? Tak henne ut or barmen og øydelegg!

12Gud er då min konge frå gamal tid, han som skaper frelsa på den vide jord.

13Det var du som skilde havet ved din styrke, krasa hovudi åt drakane på vatnet.

14Du slo sund hovudi åt Leviatan, du gav han til føda for folk i øydemarki. /

15Du let kjelda og bekk renna fram, du turka ut årgangs elvar.

16Deg høyrer dagen til, deg høyrer og natti til; du hev skapt himmel-ljosi og soli.

17Du hev sett fast alle grensor på jordi; sumar og vinter - du hev laga dei.

18Kom i hug dette: Fienden hev spotta Herren, og eit dårleg folk hev vanvyrdt ditt namn!

19Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar!

20Sjå til pakti! For løynkrokane i landet er fulle av valds-bøle.

21Lat ikkje den nedtrykte ganga burt med skam, lat den arme og fatige lova ditt namn!

22Statt upp, Gud, før di sak! Kom i hug at du vert spotta av dåren heile dagen!

23Gløym ikkje røysti åt dine fiendar, ståket frå dine motstandarar, som alltid stig upp!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 74.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.