Psalms 73NO1938N

1Ein salme av Asaf. / Ja, Gud er god mot Israel, mot dei som er reine i hjarta.

2Men eg - mine føter hadde so nær snåva, det skilde lite at mine steg hadde skride ut.

3For eg harmast på dei ovmodige då eg såg at det gjekk dei gudlause godt.

4For dei er frie frå verk til dei døyr, og deira styrke trivst og blømer.

5De veit ikkje av naud som andre folk, og dei vert ikkje plaga som andre menneske.

6Difor er ovmod deira halsprydnad, vald sveiper seg um dei som eit klædeplagg.

7Augo deira glytter ut or feitt, deira hjartans tankar bryt fram.

8Dei spottar og talar i vondskap um valdsverk, frå høgdi talar dei.

9Dei lyfter sin munn upp til himmelen, og deira tunga fer fram på jordi.

10Difor fær dei sitt folk til å venda seg til dei, og mykje vatn syg dei i seg. /

11Og dei segjer: Korleis skulde Gud vita noko? Finst det vel kunnskap hjå den Høgste?

12Sjå, dette er dei ugudlege, og æveleg trygge veks dei i velmakt.

13Ja, fåfengt hev eg reinsa mitt hjarta og tvege mine hender i uskyld;

14eg vart like vel plaga heile dagen, og kvar morgon kom til meg med tukt.

15Dersom eg hadde sagt: Eg vil tala soleis, då hadde eg vore utru mot ætti av dine born. /

16So tenkte eg etter og vilde skyna dette; mødesamt var det for meg /

17- til dess eg gjekk inn i Guds heilagdomar og akta på deira ende.

18Ja, på hålka set du dei; du lét dei falla, so dei gjekk til grunns.

19Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under og fekk ein skræmeleg ende.

20Som ein vanvyrder ein draum når ein vaknar, soleis vanvyrder du, Herre, deira skuggebilete når du vert vaken.

21Når mitt hjarta var beiskt, og eg fekk styng i nyro,

22då var eg uvitug og skyna inkje; som eit dyr var eg imot deg.

23Men eg vert alltid verande hjå deg, du hev gripe mi høgre hand.

24Du leider meg med di råd, og sidan tek du meg upp i herlegdom.

25Kven hev eg elles i himmelen? Og når eg hev deg, hev eg ikkje hug til noko på jordi.

26Um mitt kjøt og hjarta vert til inkjes, so er Gud æveleg mitt hjartans berg og min deil.

27For sjå, dei som held seg burte frå deg, gjeng til grunns; du tyner alle som fell frå deg i hor. /

28Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud; eg set mi lit til Herren, Israels Gud, so eg kann fortelja alle dine gjerningar.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 73.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.