Psalms 72NO1938N

1Av Salomo. / Gud, Gjev kongen dine domar og kongssonen di rettferd!

2Han skal døma ditt folk med rettferd og dine armingar med rett.

3Fjelli skal bera fred for folket, og like eins haugane for rettferd skuld.

4Han skal døma armingane i folket, han skal frelsa borni åt den fatige og knasa valdsmannen.

5Dei skal ottast deg so lenge soli skin, og so lenge månen lyser, frå ætt til ætt.

6Han skal koma ned som regn på nyslegen voll, lik ei regnskur, som væter jordi.

7I hans dagar skal den rettferdige bløma og det skal vera mykje fred, alt til det ingen måne er meir.

8Og han skal hava herredom frå hav til hav og frå elvi til endane av jordi.

9Dei som bur i øydemarki, skal bøygja kne for han, og hans fiendar skal slikka mold.

10Kongane frå Tarsis og øyane skal bera fram gåvor, kongane frå Sjeba og Seba skal koma med skatt.

11Alle kongar skal fall ned for han, alle heidningar skal tena han.

12For han skal frelsa den fatige som ropar, og armingen som ingen hjelpar hev.

13Han skal spara vesalmannen og den fatige, og sjelene åt dei fatige skal han frelsa.

14Frå trykk og vald skal han løysa deira sjel, og dyrt skal blodet deira vera i hans augo.

15Og dei skal leva og gjeva han gull frå Sjeba og alltid beda for han; heile dagen skal dei lova han.

16Det skal vera ei ovnøgd med korn i landet, på fjelltoppane, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk skal bløma fram i byane som gras på jordi.

17Hans namn skal vara i all æva; so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og dei skal velsigna seg ved han; alle heidningar skal prisa han sæl.

18Lova vere Gud Herren, Israels Gud, han, den einaste som gjer under!

19Og lova vere hans herlege namn i all æva, og all jordi verte full av hans herlegdom! Amen, amen.

20Ende på bønene av David, son åt Isai.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 72.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.