Psalms 69NO1938N

1Til songmeisteren, etter «Liljor»

2Frels meg, Gud! for vatni når radt til sjeli.

3Eg er sokken ned i botnlaust dy, der det inkje fotfeste er; eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg.

4Eg hev ropa meg trøytt, det brenn i min strupe; mine augo er upptærde med di eg ventar på min Gud.

5Fleire enn håri på mitt hovud er dei som hatar meg utan årsak; mange er dei som vil meg tyna meg, som utan grunn er mine fiendar; det eg ikkje hev rana, skal eg no gjeva attende.

6Gud, du kjenner min dårskap, og all mi syndeskuld er ikkje løynd for deg.

7Lat dei ikkje verta til skammar ved meg, dei som ventar på deg, Herre, Herre, allhers Gud! Lat dei ikkje verta til spott ved meg, dei som søkjer deg, Israels Gud!

8For di skuld ber eg vanæra, ligg skjemsla yver mitt andlet.

9Eg hev vorte framand for brørne mine og ein utlending for borni åt mor mi.

10For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg.

11Då mi sjel gret medan eg fasta, vart eg spotta for det.

12Då eg klædde meg i sekkety, vart eg eit ordtøke for dei.

13Dei som sit i porten, røder um meg, og drikkarane syng um meg.

14Men eg kjem med mi bøn til deg, Herre, i nådetidi, Gud, for di store miskunn; svara meg med din frelsande truskap!

15Berga meg ut or søyla og lat meg ikkje søkka! Lat meg verta berga frå dei som hatar meg, og frå dei djupe vatni!

16Lat ikkje vassflodi fløyma yver meg og ikkje djupet gløypa meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg!

17Svara meg, Herre, for din nåde er god; vend deg til meg etter di store miskunn!

18Og løyn ikkje di åsyn for tenaren din, for eg er i naud; skunda deg og svara meg!

19Kom nær til mi sjel, løys henne ut, frels meg for mine fiendar skuld!

20Du kjenner mi spott og skam og vanæra; for di åsyn stend alle mine uvener.

21Spottord hev brote mitt hjarta sund, so eg er sjuk; eg venta på medynk, men der var ingi, og på trøystarar, men eg fann ingen.

22Dei gav meg gall å eta, og då eg var tyrst, gav dei meg eddik å drikka.

23Lat bordet deira verta ei snara framfor dei, og ei gildra for dei når dei er trygge.

24Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og lat deira lender alltid skjelva!

25Renn ut yver dei din vreide, og lat din brennande harm nå dei!

26Lat deira bustad verta øydd, lat det ingen vera som bur i deira tjeld!

27For dei forfylgjer den som du hev slege, og dei fortel um pinsla åt dei som du hev gjenomstunge.

28Lat dei leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat dei ikkje koma til di rettferd!

29Lat dei verta utstrokne or livsens bok og ikkje verta innskrivne med dei rettferdige!

30Men eg er ein arming full av verk; Gud, lat di frelsa berga meg!

31Eg vil lova Guds namn med song og høglova han med takksegjing,

32og det skal tekkjast Herren betre enn ein ung ukse med horn og klauver.

33Når spaklynde ser det, skal dei gleda seg; de som søkjer Gud - må dykkar hjarta leva!

34For Herren høyrer på dei fatige, og sine fangar vanvyrder han ikkje.

35Himmel og jord skal lova han, havet og alt som røyver seg i det.

36For Gud skal frelsa Sion og byggja byane i Juda, og dei skal bu der og eiga dei, /

37og avkjømet åt hans tenarar skal erva dei, og dei som elskar hans namn, skal bu der.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 69.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.