Psalms 68NO1938N

1Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song.

2Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar han, flyr for hans åsyn.

3Liksom røyk driv burt, so driv du dei burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunns for Guds åsyn.

4Og dei rettferdige gleder seg, dei fagnar seg høgt for Guds åsyn og frygdar seg med gleda.

5Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Herren er namnet hans og fegnast for hans åsyn!

6Far for farlause og domar for enkjor er Gud i sin heilage bustad.

7Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende.

8Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki - sela -

9då skalv jordi, og himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds åsyn.

10Rikleg regn let du falla, Gud; du styrkte arven din då han var utmødd.

11Ditt folk sette seg ned i landet; Gud, du var god og reidde det til for armingen. /

12Herren gjev sigersong; stor er skaren av kvinnor som kjem med gledebod.

13Kongar yver herar flyr, dei flyr, og ho som sit heime, skifter herfang.

14Når de kviler millom kviene, er det som sylvlagde duvevenger og vengfjører med grøn gullglima. /

15Når den Allmektige spreider kongar der, då snøar det på Salmon. /

16Eit Guds fjell er Basans fjell, eit fjell med mange tindar er Basans fjell. /

17Kvifor ser de skakt, de fjell med mange tindar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.

18Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund; Herren er imillom dei, Sinai er i heilagdomen. /

19Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneski, ogso av dei trassige, so du kunde bu der, Herre Gud!

20Lova vere Herren dag etter dag! Legg dei byrd på oss, so er Gud vår frelsa. Sela.

21Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Israels Gud, er det utvegar frå dauden.

22Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på han som ferdast i si syndeskuld.

23Herren segjer: Frå Basan hentar eg dei att, eg vil henta dei att frå havsens djup,

24so foten din må trakka i blod, tunga åt hundane dine få sin lut av fiendane.

25Dei ser dine sigersferder, Gud, sigersferdene der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen.

26Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på paukor.

27Lova Gud i samlingane, lova Herren, de som er av Israels kjelda!

28Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver dei, hovdingane av Juda med sin hop, hovdingane av Sebulon, hovdingane av Naftali. /

29Din Gud hev etla deg styrke; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!

30For skuld ditt tempel i Jerusalem skal kongar koma med gåvor til deg. /

31Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvane, som kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folki som er huga på strid. /

32Veldige menner skal koma frå Egyptarland, Etiopia skal skunda seg og retta hendene ut til Gud.

33De rike på jordi, syng for Gud, syng lov for Herren, sela,

34han som fer fram i dei eldgamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldig røyst.

35Gjev Gud makt! Yver Israel er hans høgd, og hans makt i skyene.

36Skræmeleg er du, Gud, frå dine heilagdomar; Israels Gud, han gjev folket makt og styrke. Lova vere Gud!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 68.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.