Psalms 67NO1938N

1Til songmeisteren på strengleik; ein salme, ein song.

2Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss - sela -

3so dei må kjenna din veg på jordi, di frelse hjå alle heidningar.

4Folki skal prisa deg, Gud! Folki skal prisa deg alle saman.

5Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. Sela.

6Folki skal prisa deg, Gud! Folki skal prisa deg alle saman.

7Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud, velsignar oss.

8Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 67.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.