1Til songmeisteren; ein song, ein salme. / Set i med fagnadrop for Gud, all jordi!
2Syng ut hans namns æra, gjev han æra til hans pris!
3Seg til Gud: Kor skræmelege dine verk er! For di store makt skuld må dine fiendar smeikja for deg.
4All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn. Sela.
5Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot mannsborni.
6Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i han!
7Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningane; dei trassige må ikkje upphøgja seg. Sela.
8De folk, lova vår Gud og kunngjer hans pris med høg røyst,
9han som heldt vår sjel i live og ikkje let vår fot vera ustød!
10For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv.
11Du førde oss inn i eit garn, du la ei tyngjande byrd på våre lender.
12Du let menneske fara yver vårt hovud; me kom i eld og vatn. Men du førde oss ut og kveikte oss.
13Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova,
14det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala då eg var i naud.
15Brennoffer av gjødslefe vil eg ofra til deg med eim av verar; eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela.
16Kom og høyr, alle de som ottast Gud, so vil eg fortelja kva han hev gjort for mi sjel.
17Til han ropa eg med min munn, og lovsong var under tunga mi.
18Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra.
19Men Gud hev høyrt, han hev lydt etter mitt bønerop.
20Lova vere Gud, som ikkje sa viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!