Psalms 64NO1938N

1Til songmeisteren; ein salme av David.

2Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv for fiende-skræmsla!

3Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner,

4som kvesser si tunga som eit sverd, legg på bogen si pil, det beiske ordet,

5og vil skjota ned den skuldlause i løynd; brått skyt dei han og reddast ikkje.

6Dei gjer si vonde råd fast, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: Kven ser dei?

7Dei tenkjer upp ugjerningar: Me er ferdige, tanken er tenkt - og mannsens tankar og hjarta er djupe.

8Då skyt Gud dei; pili kjem brått og sårar dei.

9Dei stupar ned, deira tunge kjem yver dei; alle som ser på dei, rister på hovudet.

10Og alle menneske reddast og forkynner Guds gjerning, og dei skynar hans verk.

11Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til han, og alle ærlege av hjarta prisar seg sæle.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 64.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.