1Ein salme av David, då han var i Juda øydemark.
2Gud! Du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjel tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmakt utan vatn.
3Soleis hev eg skoda deg i heilagdomen - eg såg di makt og din herlegdom.
4For di miskunn er betre enn livet; mine lippor prisar deg.
5Soleis vil eg lova deg so lenge eg lever; i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.
6Som av merg og feitt skal mi sjel verta mett, og med jublande lippor skal min munn prisa deg.
7Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevaktene.
8For du hev vore hjelp for meg, og i skuggen av dine venger ropar eg høgt av fagnad.
9Mi sjel heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.
10Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.
11Dei skal verta yvergjevne til sverdmakt, verta til ran for revar.
12Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved han, skal prisa seg sæl, for ljugarane skal verta målbundne.