Psalms 62NO1938N

1Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David.

2Einast i von til Gud er mi sjel still; frå han kjem mi frelsa.

3Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.

4Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota han ned som ein hallande mur, ein steingard som dei velter?

5Dei samråder seg berre um å støypa han ned frå hans høgd, dei likar lygn; med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela.

6Einast i von til Gud ver still, mi sjel! For frå han kjem mi von.

7Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg.

8Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud.

9Lit på han til kvar tid, de folk! Renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela.

10Berre fåfengd er menneskeborn, berre lygn er mannesøner. I vektskåli stig dei til vers, dei er fåfengd alle saman.

11Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til gods som er rana! Når rikdomen aukar, so akta ikkje på det!

12Ein gong hev Gud tala, ja tvo gonger hev eg høyrt det, at styrke høyrer Gud til. /

13Og hjå deg, Herre, er miskunn; for du gjev kvar ein etter hans gjerning.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 62.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.