Psalms 53NO1938N

1Til songmeisteren; etter Mahalat; ein salme til lærdom av David. /

2Dåren segjer i sitt hjarta: Det er ingen Gud til. Vonde og styggelege er deira misgjerningar; det er ingen som gjer godt.

3Gud skodar ned frå himmelen på mannsborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

4Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det finst ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.

5Håttar dei då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje.

6Då vart dei storleg redde, dei som ikkje visste av reddhug; for Gud spreider beini av dei som lægrar seg mot deg; du gjer dei til skammar, for Gud hev støytt dei burt.

7Å, gjev det frå Sion må koma frelsa for Israel! Når Gud gjer ende på sitt folks fangetid, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 53.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.