Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 54

:
Norwegian - NO1938N
1 Til songmeisteren, med strengleik; ein salme til lærdom av David,
2 sifitane kom og sa til Saul: David held seg løynd hjå oss.
3 Gud, frels meg ved ditt namn, og hjelp meg til min rett ved di kraft!
4 Gud, høyr mi bøn, venda øyra til ordi frå min munn!
5 For framande hev stade upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. Sela.
6 Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mitt liv.
7 Det vonde skal falla tilbake mine fiendar; gjer dei til inkjes i din truskap!
8 Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; eg vil prisa ditt namn, Herre, for det er godt.
9 For or all naud friar han meg ut, og mine fiendar ser mitt auga med lyst.