Psalms 52NO1938N

1Til songmeisteren; ein salme til lærdom av David,

2då edomiten Doeg kom og fortalde Saul og sa til han: David er komen i Akimeleks hus.

3Kvi rosar du deg av vondskap, du veldige? Guds miskunn varer all dagen.

4På tyning stilar di tunga, lik ein kvest rakekniv, du som legg upp svikråder.

5Du elskar det vonde i staden for det gode, lygn i staden for å tala sant. Sela.

6Du elskar kvart tynande ord, du svikfulle tunga!

7So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg ut or tjeldet og rydja deg ut or landet åt dei levande. Sela.

8Og dei rettferdige skal sjå det og ottast, og dei skal læ åt han og segja:

9Sjå der den mann som ikkje heldt Gud for si sterke vern, men sette si lit til sin store rikdom, sette sin styrke i sin vondskap.

10Men eg er som eit grønt oljetre i Guds hus, eg set mi lit til Guds miskunn æveleg og alltid.

11Eg vil lova deg til æveleg tid, for du hev gjort det, og eg vil venta på ditt namn, for det er godt, for augo på dine trugne.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 52.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.