1Til songmeisteren; ein salme av David,
2då profeten Natan var komen til han, etter han hadde gjenge inn til Batseba.
3Gud, ver meg nådig etter di miskunn! Sletta ut mine brot etter din store godhug!
4Två meg vel rein frå mi misgjerning, og reinsa meg frå mi synd!
5For mine brot kjenner eg, og mi synd er alltid framfor meg.
6Mot deg einast hev eg synda, og det som vondt er i dine augo, hev eg gjort, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer. /
7Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd.
8Sjå, du hev lyst til sanning i inste hjarta; so lær meg då visdom i hjartedjupet!
9Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø!
10Lat meg høyra fagnad og gleda, lat dei bein fagna seg som du hev slege sund!
11Løyn di åsyn for mine synder, og sletta ut alle mine misgjerningar!
12Gud, skap i meg eit reint hjarta, og nya uppatt ei stødig ånd inni meg!
13Kasta meg ikkje burt frå di åsyn, og tak ikkje din Heilage Ande frå meg!
14Lat meg atter få fagna meg yver di frelsa, og haldt meg uppe med ei viljug ånd!
15So vil eg læra lovbrjotarar dine vegar, og syndarar skal venda um til deg.
16Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd.
17Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn kunngjera din pris.
18For du hev ikkje lyst til slaktoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad.
19Offer for Gud er ei sundbroti ånd; eit sundbrote og knust hjarta vil du, Gud, ikkje forsmå.
20Gjer vel imot Sion etter din nåde, bygg murane åt Jerusalem!
21Då skal du hava hugnad i rettferds offer, i brennoffer og heiloffer; då skal dei ofra uksar på ditt altar.