Psalms 41NO1938N

1Til songmeisteren; ein salme av David.

2Sæl er den som ser til vesalmannen; på den vonde dag skal Herren frelsa han.

3Herren skal verja han og halda han i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva han til hans mordgjeruge fiendar.

4Herren skal stydja han på sottesengi; all hans lega lagar du um i hans sjukdom.

5Eg segjer: Herre, ver meg nådig, læk mi sjel! for eg hev synda mot deg.

6Mine fiendar talar vondt um meg: Når skal han døy, og hans namn forgangast?

7Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, og so gjeng han ut og talar um det.

8Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som er meg til skade:

9Ei illgjerning heng ved han, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.

10Ja, endå den som eg levde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.

11Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva dei lika for det.

12På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg.

13Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid.

14Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva til æva! Amen, amen.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 41.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.