1Til songmeisteren, av David; ein salme.
2Eg venta og venta på Herren; då bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop.
3Han drog meg upp or den tynande gravi, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine steg støde.
4Og han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren.
5Sæl er den mann som set si lit til Herren og ikkje vender seg til dei ovmodige og til dei som vik av til lygn.
6Herre min Gud, du hev gjort dine under og dine råder mangfaldige mot oss; ingen ting er liknande med deg; vil eg kunngjera dei og tala um dei, er dei for mange til å telja.
7Slaktoffer og matoffer hev du ikkje hug til - du hev bora øyro på meg - brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
8Då sa eg: Sjå, eg kjem; i bokrullen er det sagt meg fyre: /
9å gjera din vilje, min Gud, er mi lyst, og di lov er i mitt hjarta.
10Eg bar fagnadbod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det.
11Eg løynde ikkje di rettferd i mitt hjarta, eg kunngjorde din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling.
12Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg.
13For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, so eg ikkje kann sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg.
14Hugnast. Herre, å fria meg ut! Herre, skunda deg og hjelp meg!
15Lat dei verta til skam og spott alle dei som stend meg etter livet og vil riva det burt! Lat dei vika attende og skjemmast dei som ynskjer meg vondt!
16Lat dei verta forfærde yver si skjemd dei som segjer til meg: Ha, ha!
17Lat dei fegnast og gleda seg i deg alle dei som søkjer deg! Lat dei som elskar di frelsa, alltid segja: Høglova vere Herren!
18For eg er arm og fatig; Herren vil tenkja på meg. Du er mi hjelp og min frelsar; min Gud, dryg ikkje!