1Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born.
2Som ein hjort styn etter rennande bekker, so styn mi sjel etter deg, min Gud!
3Mi sjel tyrster etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg koma og te meg for Guds åsyn?
4Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: Kvar er din Gud?
5Dette lyt eg koma i hug og tøma ut mi sjel i meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med dei til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum.
6Kvi er du nedbøygd, mi sjel, og bruser i meg? Venta på Gud! for eg skal endå lova han for frelsa frå hans åsyn.
7Min Gud! Mi sjel er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgdene, frå det vesle fjellet. /
8Vassflod ropar til vassflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg.
9Um dagen sender Herren si miskunn, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud.
10Eg lyt segja til Gud, mitt berg: Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga syrgjeklædd under fiendetrykk?
11Det er som mine bein vart knasa, når mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: Kvar er din Gud?
12Kvi er du nedbøygd, mi sjel, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud! for eg skal endå lova han, mi åsyns frelsa og min Gud.