1Til songmeisteren; av David, Herrens tenar.
2Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, er i mitt inste hjarta. Ingen otte for Gud er det for hans augo. /
3For han tykkjer det er ei æra når ein finn hans synd, når ein hatar han.
4Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt.
5Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.
6Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer.
7Di rettferd er som veldige fjell, dine domar er ei stort havdjup; menneske og dyr frelser du, Herre!
8Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Mannsborni flyr inn i skuggen av dine venger.
9Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du dei å drikka.
10For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos.
11Lat di miskunn vara lenge for dei som kjenner deg, og di rettferd for dei ærlege i hjarta!
12Lat ikkje foten åt den ovmodige koma yver meg, og handi åt dei ugudlege ikkje jaga meg burt!
13Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje reisa seg.