Psalms 35NO1938N

1Av David. / Herre, tretta med dei som trettar med meg! Strid mot dei som strider mot meg!

2Grip skjold og verja og reis deg til hjelp for meg!

3Drag spjotet fram og steng vegen for dei som forfylgjer meg! Seg til mi sjel: Eg er di frelsa!

4Lat dei blygjast og skjemmast som stend meg etter livet! Lat dei vika attende med skam som vil meg noko vondt!

5Lat dei verta som agner for vinden, og Herrens engel støyte dei burt!

6Lat deira veg verta myrk og hål, og Herrens engel forfylgje dei!

7For utan årsak hev dei løynleg stelt til si garngrav åt meg, utan årsak hev dei grave ei grav for mitt liv. /

8Lat tjon koma uventande yver han, og lat det garnet han løynleg la ut, fanga han; lat han falla i det til sitt tjon!

9Då skal mi sjel gleda seg i Herren, fagna seg i hans frelsa;

10alle mine bein skal segja: Herre, kven er som du, du som friar den arme frå den som er han for sterk, den arme og fatige frå den som plundrar han?

11Det stend upp urettferdige vitne; dei spør meg um det som eg ikkje veit.

12Dei gjev meg vondt til løn for godt; mi sjel er lati åleine.

13Men eg, eg gjekk i syrgjeklæde, då dei var sjuke; eg pinte mi sjel med fasta, og mi bøn vende att til min barm. /

14Eg gjekk ikring, som det skulde vore min ven, min bror; eg gjekk bøygd og syrgjeklædd som ein som syrgjer på mor si.

15Men no då det hallar med meg, no gled dei seg og flokkar seg saman; skarns-folk flokkar seg uventa um meg; dei riv sund og kviler ikkje. /

16Liksom skamløysor som driv spott for ein brødbete, skjer dei tenner imot meg.

17Herre, kor lenge vil du sjå på? Drag mi sjel undan deira herverk, mitt einaste frå ungløvone! /

18Eg vil prisa deg i ei stor samling, lova deg millom mykje folk.

19Lat ikkje dei som utan grunn er mine fiendar, gleda seg yver meg! Lat ikkje dei som hatar meg utan årsak, blinka med auga!

20For dei talar ikkje fred, men tenkjer upp svik mot dei stille i landet.

21Og dei riv munnen vidt upp imot meg, dei segjer: Ha, ha! Der ser vårt auga!

22Du ser det, Herre, teg ikkje! Herre, ver ikkje langt i frå meg!

23Vakna upp og vert vaken til å gjeva meg rett, min Gud og Herre, til å føra mi sak!

24Døm meg etter di rettferd, Herre min Gud, og lat dei ikkje gleda seg yver meg!

25Lat dei ikkje segja i sitt hjarta: Ha! Som me ynskte! Lat dei ikkje segja: Me hev gløypt han!

26Lat dei skjemmast og blygjast alle som gled seg i mi ulukka; lat dei klæda seg i skam og skjemsla dei som høgmodast yver meg!

27Lat dei fagna seg og gleda seg som unner meg min rett, og lat dei alltid segja: Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng han godt!

28Då skal mi tunga kveda ut di rettferd, heile dagen din pris.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.