Psalms 34NO1938N

1Av David, då han tedde seg galen hjå Abimelek, so han jaga han av, og han gjekk burt.

2Eg vil lova Herren til kvar tid, hans pris skal stendigt vera i min munn.

3Mi sjel skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.

4Lova Herrens storvelde med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!

5Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alt det som skræmde meg.

6Dei som skoda upp til han, lyste av gleda, og deira andlet turvte aldri blygjast.

7Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste han or alle hans trengslor.

8Herrens englar lægrar seg rundt ikring dei som ottast han, og han friar dei ut.

9Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til han.

10Ottast Herren, de hans heilage! For inkje vantar dei som ottast han.

11Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, dei vantar det inkje godt.

12Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.

13Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka.

14Haldt tunga frå det som vondt er, og lippone frå svikfull tale!

15Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter han!

16Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.

17Herrens åsyn er imot dei som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.

18Hine ropar, og Herren høyrer og friar dei ut or alle deira trengslor.

19Herren er nær hjå dei som hev eit sundbrote hjarta, og frelser dei som hev ei hugsprengd ånd.

20Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar han ut or dei alle.

21Herre tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av dei vert brote.

22Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka.

23Herren løyser ut deira sjel som tener han, og av dei som flyr til han, vert ingen saka.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 34.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.