Psalms 33NO1938N

1Fagna dykk høgt i Herren, de rettferdige! For dei ærlege sømer seg lovsong.

2Prisa Herren med citar, lovsyng han til tistrengja harpa!

3Syng han ein ny song, rør strengen fagert med fagnadljod!

4For Herrens ord er ærleg meint, og all hans gjerning er trufast.

5Han elskar rettferd og rett; av Herrens miskunn er jordi full.

6Himlane er skapte ved Herrens ord, og all deira her ved hans munns ande.

7Han samlar havsens vatn som ein dunge, legg dei djupe vatn i upplagshus.

8All jordi må ottast for Herren, for han skjelve alle som bur i mannheimen!

9For han tala, og so vart det; han baud, og so stod det der.

10Herren spiller heidningfolks råd, gjer folkeslags tankar til inkjes.

11Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.

12Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv.

13Frå himmelen skodar Herren ned, han ser alle mannsborni.

14Frå den staden der han bur, ser han ned til alle som bur på jordi,

15han som hev laga deira hjarto alle saman, han som aktar på alle deira gjerningar.

16Ein konge vert ikkje frelst ved si store hermakt, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft.

17Hesten er sviksam hjelp til frelsa, og med sin store styrke bergar han ikkje.

18Sjå, Herrens auga ser til dei som ottast han, som ventar på hans miskunn,

19til å fria deira sjel frå dauden og halda dei i live i hungersnaud.

20Vår sjel ventar på Herren; han er vår hjelp og vår skjold.

21For i han gled vårt hjarta seg, for di me set vår lit til hans heilage namn.

22Di miskunn, Herre, vere yver oss, so som me vonar på deg!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 33.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.