1Av David. / Vreidast ikkje yver illgjerningsmennene, harmast ikkje på dei som gjer urett!
2For liksom graset vert dei brått avskorne, og som grøne urter visnar dei burt.
3Lit på Herren og gjer det gode, bu i landet og legg vinn på truskap!
4Og hugnast i Herren! So skal han gjeva deg det som ditt hjarta ynskjer.
5Gjev Herren din veg i vald og lit på han! Han skal gjera det;
6han skal lata di rettferd ganga fram som ljoset og din rett som middagsklåren.
7Ver still for Herren og venta på han! Vreidast ikkje yver den som hev lukka på sin veg, den mannen som legg upp meinråder!
8Haldt deg frå vreide og lat harm fara, vreidast ikkje! Det er berre til å gjera ilt.
9For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar på Herren, dei skal erva landet.
10Og um ei liti stund er den ugudlege ikkje til meir, og legg du merke til staden hans, so er han der ikkje.
11Men dei spaklyndte skal erva landet og hugnast ved mykjen fred.
12Den ugudlege tenkjer upp vondt imot den rettferdige og skjer tenner imot han.
13Herren lær åt han; for han ser at hans dag kjem.
14Dei ugudlege dreg sverdet og spenner bogen, vil fella den arme og fatige og myrda dei som fer ærleg fram.
15Sverdet skal råma dei sjølve i hjarta og bogane verta brotne sund.
16Betre er det vesle den rettferdige hev, enn mykje gods hjå mange ugudlege.
17For armane skal brjotast på dei ugudlege, men Herren styd dei rettferdige.
18Herren kjenner dagane åt dei ulastande, og deira arv skal vara til æveleg tid.
19Dei skal ikkje verta til skammar i den vonde tid, og i hungers dagar skal dei verta mette.
20For dei ugudlege skal ganga til grunns og Herrens fiendar som blomeskrud på engjar; dei kverv, dei kverv som røyk.
21Den ugudlege låner og gjev ikkje att, men den rettferdige gjer miskunn og gjev.
22For dei han velsignar, skal erva landet; men dei han forbannar, skal verta utrudde. /
23Herren gjer ein manns steg faste, og han hev hugnad i hans veg.
24Når han snåvar, stuper han ikkje; for Herren styd hans hand.
25Eg hev vore ung og vorte gamal, men aldri hev eg set den rettferdige forlaten eller hans born beda um brød.
26Heile dagen gjer han miskunn og låner ut, og hans born vert velsigna.
27Vik frå det vonde og gjer det gode, so vert du buande til æveleg tid. /
28For Herren elskar rett og forlet ikkje sine trugne; til æveleg tid vert dei haldne uppe. Men avkjømet åt dei ugudlege vert utrudt.
29Dei rettferdige skal erva landet og bu i det til æveleg tid.
30Rettferdig manns munn talar visdom, og hans tunga segjer det som rett er.
31Hans Guds lov er i hans hjarta, hans steg er ikkje ustøde.
32Den ugudlege lurer på den rettferdige og freistar å få drepe han.
33Herren gjev han ikkje i hans hand, og fordømer han ikkje når han vert dømd.
34Venta på Herren og haldt deg på hans veg! So skal han upphøgja deg til å erva landet; du skal sjå på at dei ugudlege vert utrudde.
35Eg såg ein ugudleg ovriken mann, og han breidde seg ut som eit heimevakse tre med sitt grøne lauv;
36men han gjekk burt, og sjå, han var ikkje meir, og eg leita etter han, men han vart ikkje funnen.
37Akta på den ulastande mann, og sjå på den rett-tenkte! for freds mann hev ei framtid;
38men lovbrjotarane vert alle saman utøydde, framtidi vert avskori for dei ugudlege.
39Og frelsa for dei rettferdige kjem frå Herren, deira sterke vern i trengsletidi.
40Og Herren hjelper dei og friar dei ut, han friar dei frå dei ugudlege og frelser dei, for dei flyr til han.