Psalms 3NO1938N

1Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin.

2Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.

3Mange segjer til mi sjel: Det finst ikkje frelsa for han hjå Gud. Sela. /

4Men du, Herre, er ein skjold ikring meg, mi æra og den som lyfter mitt hovud.

5Eg ropa høgt til Herren, og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela.

6Eg la meg ned og sovna, eg vakna upp; for Herren held meg uppe.

7Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.

8Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennene på dei ugudlege.

9Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! Sela.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.