Psalms 4NO1938N

1Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.

2Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg; ver meg nådig og høyr mi bøn.

3De velduge menn! Kor lenge skal mi æra vera til spott? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.

4Vit då at Herren hev kåra seg ein som er gudleg! Herren høyrer når eg ropar til han.

5Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på lægjet dykkar og ver stille! Sela.

6Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!

7Mange segjer: Kven vil syna oss noko godt? Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!

8Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikleg.

9I fred vil eg både leggja meg ned og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.