Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 21

:
Norwegian - NO1938N
1 Til songmeisteren; ein salme av David.
2 Herre! Kongen gled seg yver di makt, og kor høgt han fagnar seg yver di frelsa!
3 Det hans hjarta ynskte, hev du gjeve han, og ikkje neitta han det hans lippor bad um. Sela.
4 For du kom han til møtes med velsigning og lukka; du sette ei kruna av gull hans hovud.
5 Han bad deg um livet; du gav han det, eit langt liv, æveleg og alltid.
6 Stor er hans æra ved di frelsa; høgd og heider legg du han.
7 For du set han til velsigning for alle tider, du hugnar han med gleda for di åsyn.
8 For kongen set si lit til Herren, og ved miskunn frå den Høgste skal han ikkje verta rikka.
9 Di hand skal finna alle dine fiendar, di høgre hand skal finna dei som hatar deg.
10 Du skal gjera dei som ein gloande omn når du viser di åsyn; Herren skal tyna dei i sin vreide, og eld skal øyda dei.
11 Deira frukt skal du rydja ut av jordi, og deira avkjøme millom mannsborni.
12 For dei hev stila vondt imot deg, dei hev lagt upp meinråder; dei skal ingen ting maktast.
13 For du skal dei til å snu ryggen til; med dine bogestrenger siktar du deira andlet.
14 Reis deg, Herre, i di makt! Me vil lovsyngja og prisa ditt storverk.