1Til songmeisteren etter «Morgonrodens hind»
2Min Gud! Min Gud! Kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.
3Min Gud! Eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.
4Og du er då heilag, du som tronar yver Israels lovsongar.
5På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du berga dei.
6Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.
7Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneske og vanvyrd av folk.
8Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen, rister på hovudet og segjer:
9Legg det på Herren! Han skal berga han, han skal fria han ut, sidan han hev hugnad i han.
10Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.
11På deg er eg kasta frå morslivet; frå morsfanget er du min Gud.
12Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, og det finst ingen hjelpar.
13Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg.
14Dei spilar upp sitt gap imot meg som ei flengjande og burande løva.
15Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta er som voks, det smeltar inst i mitt liv.
16Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til gomen, og du legg meg ned i daudens dust.
17For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne hev kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.
18Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei som ser på meg med lyst.
19Dei skifter klædi mine millom seg og kastar lut um kjolen min.
20Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg!
21Fria mi sjel frå sverdet, mitt einaste frå hundevald! /
22Frels meg frå løvegap, og frå villuksehorn - du bønhøyrer meg!
23Eg vil kunngjera ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lova deg.
24De som ottast Herren, lova han, all Jakobs ætt, æra han, og hav age for han, all Israels ætt!
25For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom og ikkje løynt si åsyn for han; men då han ropa til han, høyrde han.
26Frå deg kjem min lovsong i ein stor lyd; eg vil halda mine lovnader for deira augo som ottast han.
27Dei spaklyndte skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova han; hjarta dykkar leve til æveleg tid!
28Alle endane av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle folkeætter skal tilbeda for di åsyn.
29For riket høyrer Herren til, og han råder yver folkeslagi.
30Alle rikmenn på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne alle dei som stig ned i moldi, og den som ikkje kann halda si sjel i live.
31Etterkomarane skal tena han; det skal verta fortalt um Herren til den ætti som kjem.
32Dei skal koma og kunngjera hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.