Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 20

:
Norwegian - NO1938N
1 Til songmeisteren; ein salme av David.
2 Herren bønhøyre deg trengsle-dagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg!
3 Gjev han senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion!
4 Gjev han minnast alle dine matoffer og finna ditt brennoffer godt. Sela.
5 Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder!
6 Gjev me fekk fagna oss ved di frelsa og lyfta sigermerket i vår Guds namn! Herren uppfylle alle dine bøner!
7 No veit eg at Herren frelser den han hev salva; han svarar han frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.
8 Hine prisar vogner, hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren vår Gud.
9 Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe.
10 Herre, frels! Kongen svare oss den dag me ropar!