Psalms 19NO1938N

1Til songmeisteren; ein salme av David.

2Himlane fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.

3Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.

4Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd. /

5Ut yver all jordi gjeng deira mælesnor, og til heimsens ende deira ord. Åt soli hev han sett eit tjeld på dei. /

6Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sin kove, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.

7Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av han, og ingen ting er duld for hennar hete.

8Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjeli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.

9Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.

10Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens lover er sanning, dei er rettferdige alle saman.

11Dei er kostelegare enn gull, ja fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja honning som dryp or vokskakone.

12Din tenar vert ogso påmint ved dei; den som held dei, hev stor løn.

13Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!

14Haldt og din tenar frå skamlege synder, lat dei ikkje få makt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for store misgjerningar.

15Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.