Psalms 149NO1938N

1Halleluja! Syng Herren ein ny song, hans lov i samlingi av dei gudlege!

2Israel glede seg i sin skapar, Sions born frygde seg for sin konge!

3Dei skal lova hans namn med dans, syngja for han til pauka og citar.

4For Herren hev hugnad i sitt folk, han pryder dei spaklyndte med frelsa.

5Dei gudlege skal frygda seg i herlegdom, dei skal ropa av fagnad på sine lægje.

6Lovsong for Gud er i deira munn og eit tvieggja sverd i deira hand,

7til å fullføra hemn yver heidningane, refsing yver folkeslagi,

8til å binda deira kongar med lekkjor og deira storfolk med jarnband,

9til å fullføra fyreskriven dom yver dei. Ei æra er dette for alle hans trugne. Halleluja!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 149.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.