1Halleluja! Lova Gud i hans heilagdom, lova han i hans sterke kvelv!
2Lova han for hans storverk, lova han etter hans fulle storleik!
3Lova han med lurljom, lova han med harpa og citar!
4Lova han med pauka og dans, lova han med strengleik og fløyta!
5Lova han med klingande cymblar, lova han med ljomande cymblar!
6Alt som hev ande, love Herren! Halleluja!