Psalms 148NO1938N

1Halleluja! Lova Herren frå himmelen, lova han i det høge!

2Lova han, alle hans englar, lova han, all hans her!

3Lova han, sol og måne, lova han, alle lysande stjernor!

4Lova han, de himle-himlar og de vatn som er uppyver himlane!

5Dei skal lova Herrens namn; for han baud, og dei vart skapte,

6og han sette dei på staden deira for alltid og æveleg, han gav ei lov som ingen av dei bryt.

7Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup,

8eld og hagl, snø og eim, du storm, som set hans ord i verk,

9de fjell og alle haugar, aldetre og alle sedrar,

10de villdyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar,

11de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi,

12de unge gutar og gjentor, de gamle med dei unge!

13Dei skal lova Herrens namn; for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel,

14og han hev lyft upp eit horn for sitt folk til ein lovsong for alle sine trugne, for Israels born, det folk som er han nær. Halleluja!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 148.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.