Psalms 147NO1938N

1Lova Herren! For det er godt å lovsyngja vår Gud, ljuvleg er det, lovsong høver vel.

2Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar.

3Han lækjer dei som hev eit sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår.

4Han set tal på stjernone, han gjev dei alle namn.

5Vår Herre er stor og veldig i makt; på hans vit er det ikkje mål.

6Herren held dei spaklyndte uppe, dei ugudlege bøygjer han ned til jordi.

7Svara Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med citar,

8han som breider skyer yver himmelen, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli.

9Han gjev feet fôr, ramn-ungane som ropar.

10Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens legger.

11Herren hev hugnad i dei som ottast han, dei som ventar på hans miskunn.

12Jerusalem, prisa Herren, Sion, lova din Gud!

13For han hev gjort dine portstenger faste, han hev velsigna dine born i deg.

14Det er han som gjev dine grensor fred, mettar deg med den beste kveite.

15Det er han som sender sin tale til jordi; ovsnøgt spring hans ord.

16Det er han som gjev snø som ull, strår ut rim som oska.

17Han kastar sin is som småe stykke; kven kann standa for hans kulde?

18Han sender sitt ord og smeltar dei; han let vinden sin blåsa, då renn vatn.

19Han kunngjorde sitt ord for Jakob, sine bod og sine lover for Israel.

20Soleis hev han ikkje gjort med noko heidningfolk, og lover kjenner dei ikkje. Halleluja! /

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 147.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.