1Halleluja! Mi sjel, lova Herren!
2Eg vil lova Herren so lenge eg lever, syngja lov for min Gud so lenge eg er til.
3Set ikkje lit til hovdingar, til eit mannsbarn, som ikkje kann hjelpa.
4Fer hans ånd ut, so vender han attende til si jord; den dagen er det ute med hans råder.
5Sæl er den som hev Jakobs Gud til hjelp, som vonar på Herren, sin Gud,
6han som skapte himmel og jord, havet og alt som i dei er, han som er trufast til æveleg tid,
7som hjelper dei nedtyngde so dei fær sin rett, som gjev dei svoltne brød. Herren løyser dei bundne,
8Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige,
9Herren varar dei framande; farlause og enkjor held han uppe, men han gjer vegen krokut for dei ugudlege.
10Herren skal vera konge æveleg, din Gud, Sion, frå ætt til ætt. Halleluja!