Psalms 145NO1938N

1Ein lovsong av David. / Eg vil upphøgja deg, min Gud, du som er kongen, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid.

2Kvar dag vil eg lova deg, og eg vil prisa namnet ditt æveleg og alltid.

3Herren er stor og mykje lovsungen, og hans storvelde er uransakeleg.

4Ei ætt skal lova dine verk for ei onnor, og dine storverk skal dei forkynna.

5Di høge og herlege æra og dine underverk vil eg grunda på.

6Og um dine sterke og skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um.

7Minneord um din store godleik skal dei lata strøyma ut og syngja med fagnad um di rettferd.

8Herren er nådig og miskunnsam, langmodig og stor i miskunn.

9Herren er god imot alle, og han miskunnar alle sine verk.

10Alle dine verk skal prisa deg, Herre, og dine trugne skal lova deg.

11Um herlegdomen i ditt rike skal dei tala, og um ditt velde skal dei fortelja,

12so mannsborni skal få vita um dine veldige verk og den strålande herlegdomen i ditt rike.

13Ditt rike er eit rike for alle ævor, og ditt herredøme varer gjenom alle ætter.

14Herren styd alle dei som fell, og reiser alle som er nedbøygde.

15Alle vender augo sine ventande til deg, og du gjev dei deira føda i si tid.

16Du let upp handi og mettar alt levande med hugnad. /

17Herren er rettferdig i alle sine vegar og miskunnsam i alle sine verk.

18Herren er nær hjå alle dei som kallar på han, hjå alle som kallar på han i sanning.

19Han gjer etter deira ynske som ottast han, og han høyrer deira rop og frelser dei.

20Herren varar alle dei som elskar han; men alle ugudlege tyner han.

21Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn æveleg og alltid.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 145.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.