Psalms 144NO1938N

1Av David. / Lova vere Herren, mitt berg, han som lærer upp mine hender til strid, mine fingrar til krig,

2mi miskunn og mi festning, mi borg og min bergar, min skjold og den eg flyr til, han som tvingar mitt folk under meg.

3Herre, kva er ein mann, at du kjenner han, eit mannsbarn, at du aktar på det?

4Mannen likjest ein pust, hans dagar er som ein kvervande skugge.

5Herre, bøyg din himmel og stig ned, rør du fjelli so dei ryk!

6Lat ljonet lyna og spreid dei, send dine piler og skræm dei! /

7Rett hendene ned frå det høge, fria meg og frels meg frå dei store vatni, frå handi åt framande,

8dei som talar svik med munnen sin, og høgre handi deira er ei lygne-hand.

9Gud, ein ny song vil eg syngja deg, til tistrengs-harpa vil eg syngja deg lov,

10du som gjev kongane frelsa, som bergar David, tenaren din, frå det vonde sverdet.

11Frels meg og fria meg frå handi åt framande, dei som talar svik med munnen sin, og høgre handi deira er ei lygne-hand,

12so våre søner kann vera i sin ungdom som høgvaksne vokstrar, våre døtter som hyrnestolpar, hogne som til eit slott,

13so våre bur kann vera fulle og gjeva av alle slag, so våre sauer kann auka seg i tusundtal, ja i titusund-tal på våre marker,

14so våre kyr kann hava kalv, so det ingen skade må vera og inkje tap og inkje klagerop på våre gator.

15Sælt er det folk som hev det soleis; sælt er det folk som hev Herren til Gud.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 144.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.