1Ein salme av David. / Herre, høyr mi bøn, vend øyra til mine inderlege bøner, svara meg i din truskap, i di rettferd,
2og gakk ikkje til doms med din tenar! For ingen som lever, er rettferdig for di åsyn.
3For fienden hev forfylgt mi sjel, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg på myrke stader som dei æveleg daude.
4Og mi ånd er vanmektig i meg, mitt hjarta er forskræmt i min barm.
5Eg kjem fordoms dagar i hug, eg tenkjer på alt ditt verk, eg grundar på det dine hender hev gjort.
6Eg retter ut mine hender til deg, mi sjel lengtar etter deg som eit uppturka land. Sela.
7Skunda deg og svara meg, Herre! Mi ånd talmast; løyn ikkje ditt andlet for meg, so eg vert lik dei som fer ned i gravi!
8Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal ganga, for til deg lyfter eg mi sjel!
9Fria meg frå mine fiendar, Herre! Hjå deg søkjer eg livd.
10Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode Ande leide meg på jamt lende!
11For ditt namn skuld, Herre, vil du halda meg i live; i di rettferd vil du føra mi sjel ut or trengsla,
12og i di miskunn vil du rydja ut mine fiendar og tyna alle som trengjer mi sjel; for eg er din tenar.