1Ein salme til lærdom av David, då han var i helleren, ei bøn.
2Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti mi bed eg inderleg til Herren.
3Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg frå um mi naud.
4Når mi ånd ormektast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ganga, hev dei lagt løynde snaror for meg.
5Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte for meg, ingen spør etter mi sjel.
6Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: Du er mi livd, min lut i landet åt dei levande.
7Akta på mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke!
8Før mi sjel ut or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Dei rettferdige skal samla seg kring meg, når du gjer vel imot meg.