1Ein salme av David. / Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst, no eg ropar til deg!
2Lat bøni mi gjelda som røykoffer for di åsyn, mine upplyfte hender som kvelds-matoffer!
3Herre, set vakt for munnen min, vara mi lippe-dør!
4Bøyg ikkje mitt hjarta til noko vondt, til å gjera ugudlege gjerningar saman med menn som gjer urett, og lat meg ikkje eta av deira lostemat!
5Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og tukta meg! Slik hovudolje skal ikkje mitt hovud forsmå! Um det varer, so set eg mi bøn mot deira vondskap.
6Deira domarar vert støytte utfor fjellveggen, og sjølve skynar dei at mine ord var ljuvlege.
7Som når ein pløgjer og skjer upp jordi, so ligg beini våre spreidde ikring attmed helheims-porten.
8For upp til deg, Herre, Herre, ser mine augo, til deg flyr eg; tøm ikkje ut mi sjel!
9Vara meg for fella dei hev sett for meg, og for snarone åt dei som gjer urett!
10Lat dei ugudlege falla i sine eigne garn, medan eg gjeng uskadd framum!