Psalms 140NO1938N

1Til songmeisteren; ein salme av David.

2Herre, berga meg frå vonde folk, vakta meg for valdsmenner,

3som tenkjer ut vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid!

4Dei kvesser tunga si som ein orm, ormeeiter er under lippone deira. Sela.

5Vara meg, Herre, for hendene åt ugudlege folk, vakta meg for valdsmenner, som tenkjest til å få mine føter til fall!

6Ovmodige folk hev lagt løynde fellor og reip for meg, dei hev strakt garn attmed vegen, dei hev sett snaror for meg. Sela.

7Eg segjer til Herren: Du er min Gud; lyd, Herre, på mi bønerøyst!

8Herren, Israels Gud, er mi sterke frelsa; du vernar mitt hovud på væpningsdagen.

9Herre, lat ikkje den ugudlege få det han ynskjer, lat ikkje hans meinråd få framgang! Elles kom dei til å upphøgja seg. Sela.

10Yver hovudet på dei som kringset meg, skal den ulukka koma som deira lippor valdar.

11Glør skal ein rista ned yver dei; i elden skal han kasta dei, i djupe vatn, so dei ikkje kann reisa seg.

12Ein munnkåt mann skal ikkje standa lenge i landet; den vonde valdsmannen skal han jaga med slag på slag.

13Eg veit at Herren skal greida saki for armingen og hjelpa dei fatige so dei fær rett.

14Ja, dei rettferdige skal prisa ditt namn, dei ærlege skal bu for di åsyn.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 140.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.