1Ved Babels elvar, der sat me og gret når me kom Sion i hug.
2På vier-runnane der i landet hengde me harpone våre;
3for der bad dei oss syngja, dei som heldt oss fanga, og dei som plaga oss, bad oss vera glade: Syng åt oss av Sions songar!
4Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?
5Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma meg! /
6Gjev tunga må hanga fast ved gomen min dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda!
7Herre, kom i hug Jerusalems dag og refs Edoms-borni, dei som sa: Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!
8Babels dotter, du øydelagde! Sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss.
9Sæl er den som tek dine småborn og krasar dei imot berget.