1Av David. / Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudane vil eg syngja deg lov. /
2Eg vil kasta meg ned framfor ditt heilage tempel, eg vil prisa ditt namn for di miskunn og din truskap skuld; for du hev gjort ditt ord herleg, meir enn alt ditt namn.
3Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg hugheil, mi sjel fekk styrke.
4Herre! Alle kongar på jordi skal prisa deg når dei fær høyra ordi frå din munn.
5Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor,
6for Herren er høg, og han ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg.
7Um eg ferdast midt i trengsla, held du meg i live; mot harmen åt mine fiendar retter du ut di hand, og du frelser meg med di høgre hand.
8Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!