Psalms 11NO1938N

1Til songmeisteren; av David. / Til Herren flyr eg inn; kor kann de då segja til mi sjel: Fly til dykkar fjell som ein fugl?

2For sjå, dei ugudlege spenner bogen, dei legg si pil på strengen og vil skjota i myrkret på dei ærlege i hjarta.

3Når grunnvollane vert nedrivne, kva kann då den rettferdige gjera?

4Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver mannsborni.

5Herren prøver den rettferdige; men den ugudlege og den som elskar vald, hatar hans sjel.

6Han let snaror regna ned på dei ugudlege; eld og svovel og glodheit vind vert dei tilmælt i deira staup.

7For Herren er rettferdig, han elskar rettferd; på den ærlege ser hans åsyn.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.