1Herre, kvi stend du so langt undan, løyner di åsyn dei tider me er i trengd?
2Ved ovmodet hjå den ugudlege illhugast dei arme; dei vert fanga i dei meinråder han hev tenkt upp.
3For den ugudlege rosar det hans sjel lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren.
4Den ugudlege set nosi høgt og segjer: Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til, det er alle hans tankar.
5Hans vegar lukkast alle tider; langt burte frå han i det høge er dine domar; alle sine motstandarar - dei blæs han åt.
6Han segjer i sitt hjarta: Eg skal ikkje verta rikka, frå ættled til ættled kjem eg ikkje i ulukka.
7Hans munn er full av forbanning og av svik og vald; under hans tunga er tjon og ulukka.
8Han ligg på lur ved gardane, på løynlege stader myrder han den saklause, hans augo speiar etter stakkaren.
9Han lurer i løyne som løva i si kjørr, han lurer etter å gripa den arme; han grip den arme, med di han dreg han inn i sitt garn.
10Han luter seg, duvar seg ned, og stakkaren fell for hans sterke klør.
11Han segjer i sitt hjarta: Gud hev gløymt det, han hev løynt si åsyn, han ser det aldri.
12Statt upp, Herre! Gud, lyft upp di hand, gløym ikkje dei arme!
13Kvi skal den ugudlege vanvyrda Gud og segja i sitt hjarta: Du heimsøkjer ikkje?
14Du hev set det; for du skodar naud og hjartesorg til å leggja dei i di hand; til deg yvergjev den verjelause si sak, du er ein hjelpar for dei farlause.
15Slå armen sund på den ugudlege, og den vonde - heimsøk hans gudløysa, so du ikkje finn henne meir!
16Herren er konge æveleg og alltid; heidningane vert øydde ut or hans land!
17Herre, du høyrer ynsket frå dei arme. Du styrkjer deira hjarta, du vender øyra ditt til
18og gjev den som er farlaus og trælka, sin rett. Ikkje lenger skal mennesket, som er av jordi, halda fram med å skræma.