1Til songmeisteren, etter Mut-labbén; ein salme av David. /
2Eg vil lova Herren av alt mitt hjarta, eg vil kunngjera alle dine under.
3Eg vil gleda og fagna meg i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste,
4av di mine fiendar vik attende, dei snåvar og gjeng til grunns for di åsyn.
5For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar.
6Du hev aga heidningane, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid.
7Husi åt fiendane er lagde i røys for all tid, byane hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut.
8Men Herren tronar til æveleg tid, han hev reist sin stol til doms,
9og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folki med rettvisa.
10Og Herren er ei borg for den som er trælka, ei borg i dei tider han er i trengd.
11Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje dei som søkjer deg, Herre!
12Syng lovsong til Herren som bur på Sion, kunngjer millom folki hans store gjerningar!
13For han som hemner blod, kjem dei arme i hug, han gløymer ikkje deira skrik.
14Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av dei som hatar meg, du som lyfter meg upp frå daudens portar,
15so eg kann kunngjera all din pris i portane åt Sions dotter, fagna meg i di frelsa.
16Heidningane er sokne i den gravi dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.
17Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verket hans eigne hender gjorde. Higgajon. Sela. /
18Dei ugudlege skal fara ned til helheimen, alle heidningane, som gløymer Gud.
19For den fatige vert ikkje gløymd for all tid, voni åt dei spaklyndte ikkje spillt i all æva.
20Statt upp, Herre! Lat ikkje menneske få makt, lat heidningane verta dømde for di åsyn!
21Set redsla i dei, Herre! Lat heidningane kjenna at dei er menneske! Sela.