Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 12

:
Norwegian - NO1938N
1 Til songmeisteren, etter Sjeminit; ein salme av David. /
2 Frels, Herre! For dei gudlege er burte, dei trufaste finst ikkje meir millom mannsborni.
3 Lygn talar dei, kvar med sin næste, med smeikjande lippor; med tvihuga hjarta talar dei.
4 Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord,
5 dei som segjer: Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?
6 Etter di dei arme fer ille, og dei fatige sukkar, vil eg no reisa meg, segjer Herren; eg vil hjelpa dei til frelsa som stundar deretter.
7 Herrens ord er reine ord, liksom sylv som er reinsa i ei deigla i jordi, sju gonger skirt.
8 Du, Herre, vil vara dei, du vil verna dei mot denne ætti for all tid.
9 Rundt um sviv dei ugudlege ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå mannsborni.